Meny
Søk

NÅR MAMMA ER VELDIG LEI SEG

Alex nærma seg huset.  Han gjekk seinare.  Han stansa opp ved postkassane.
- Kvifor står du der? sa nokon.
- Hæ? sa Aleksander.
- Er du heilt dust, eller?

Det var Morten.  Dei gjekk i same klasse.  Alex hadde gått fort frå skulen for å sleppa all snakkinga.  Han orka ikkje så mykje snakking alltid.

- Eg trudde du hadde det så travelt, sa Morten.
- Eg hadde det, sa Aleksander.
- Det er ingen heime hos oss, sa Morten. 

- Skal vi inn til deg og gjera noko?
- Nei.
- Vi er jo aldri inne hos deg.
- Eg må skunda meg inn.  Ha det.
- Du er jo heilt dust, Alex!   

Alex sprang opp til huset.  Han ville ikkje opna døra, men han kunne ikkje stå der, heller.  Morten såg  han.  Han opna døra og gjekk inn.    Det lukta ikkje middag i dag, heller. Dei skitne kleda låg framleis i trappa.  Det var ein stabel som berre hadde rast ned.  Alt var stille. Han ville ikkje inn til mora.  Ville ikkje sjå henne i senga.  Ville ikkje inn i den vonde lukta.  Ho ropte ikkje på han heller, sjølv om ho måtte ha høyrt at han var komen.  Han måtte inn og sjå om det hadde skjedd noko.  Ho kunne ha teke for mange tablettar igjen.  Ho kunne…   Ho låg på sida og stirra inn i veggen.  Nett som då han gjekk.  Alex blei kvalm.  Sengkleda var flekkete.  På nattbordet låg dei tre skivene Han hadde smurt til henne. Bringebærsyltetøyet var tørka inn og blitt stivt. 

- No er eg heime, mamma.
- M.
- Det gjekk bra på skulen.
- M.
- Har du lyst på noko?
- Ikkje mas på meg, Alex.
- Nei.  

Alex gjekk ut i stova.  Han hadde god tid.  Han var ikkje med på nokon ting.  Det kjendest  som han hadde litt lyst på noko.  Men han kom ikkje på kva det var.

Utviklet av Bysant AS