Meny
Søk

NÅR NOKON ER MEIR REDDE ENN ANDRE

Eg trur onkel Per er heilt sprø.  Sist eg var med Maja heim for å spela Nintendo heldt han på med det der med hjarta sitt igjen.  
'Eg trur eg døyr.  Eg må til doktor!  Eg trur eg døyr!  Hjelp meg, Lene.  Du må hjelpa meg!'  

Ein kunne tru det var han som var ungen, og ikkje Maja.  Han vågar ikkje å ta bussen.  Det er visst for skummelt.  Eg anar ikkje kva han er redd for.  Han er vel redd for alt.  Nett som ein liten unge.   

Maja måtte ringa etter drosje.  Ho måtte gje han pengar frå sparebøssa si.  Heldigvis nekta ho å vera med han.  Han kan ikkje bestemma alt heller.  Men etterpå orka ikkje Maja å spela meir.  Ho sa ho ville kvila seg.  Kvila seg!  Ei jente på elleve år.  

Eg trur aldri eg gidd å bli med heim til Maja meir.

Skrevet av Rune Belsvik

Utviklet av Bysant AS