Meny
Søk

NOKON FØLER SEG FORFØLGT OG OVERVÅKA

Pappa seier at eg ikkje må bry meg så mykje om det mamma seier.  Det er lett for han å seia det.  I går hadde eg Anne Lise med på rommet, og så kom mamma ned og sa ho måtte snakka med meg.  Ho sa at eg ikkje burde halda meg saman med Anne Lise.  Ho sa eg burde halda meg litt meir for meg sjølv.  Eg måtte be Anne Lise gå.  Anne Lise som er med i koret på menighetshuset og aldri har gjort noko galt.
 
Kvifor er mamma slik?  

Alle er det noko feil med.  Ho seier at naboane  snokar i sakene våre.  Ho seier dei rotar i postkassa vår.  Ho seier dei snakkar om oss.   Den einaste ho stolar på er onkel Rolf, og han bur i Amerika. 

Ikkje ein gong pappa vågar å ha besøk av nokon lenger.    Av og til når eg kjem inn sprett mamma opp.  Som om eg skulle ha snike meg innpå henne.

Kan ho ikkje ta seg litt saman, og gå ut i parken til dei andre damene? 
Dei sit der ute og pratar og ler.  

Kvifor er mamma så innmari dum?

Skrevet av Rune Belsvik

Utviklet av Bysant AS