Meny
Søk
Sørlandet SykehusSørlandet SykehusSørlandet Sykehus

Snakkerommet ble forskningsprosjekt

Snakkerommet ble forskningsprosjekt

Marianne Trondsen har forsket på Morilds Snakkerom. Hun var moderator her i to år og intervjuet brukere av Snakkerommet. I prosjektet fulgte Trondsen 16 ungdommer - hovedsaklig jenter. Les mer her.

- Gjennom kontakt med andre i same situasjon fekk mange augo opp for at situasjonen deira ikkje var så spesiell i høve til andre med psykisk sjuke foreldre, og såleis vart nettforumet ein stad der ungdommane kunne føle seg meir normale.
Trondsen forklarer til nettstedet forskning.no at ho har lagt vekt på å sette ungdomen i sentrum for forskinga. Det vil seie at det er ungdomen som eit handlande subjekt som er interessant - ikkje eit objekt på veg til å bli ein vaksen.
- Dei kan sjåast på som "beings", ikkje berre "becomings" - altså dei er noko her og no som dei er med og formar sjølve. Dei er ikkje berre på veg til å bli noko anna, forklarar Trondsen.
Difor var det også ungdomane sine eigne fortolkingar av situasjonen dei var i, som interesserte Trondsen. Ho har summert opp fem temaer som gjekk igjen i nettdiskusjonane:

1) Mangel på openheit og informasjon rundet forelderens sjukdom - både frå hjelpeapparat og frå familien og dei næraste
2) Det uføreseielege og ustabile i kvardagen
3) Redsel
4) Einsemd
5) Sorg og sakn

Det forskaren såg var at gjennom å dele erfaringar i forumet, kunne ungdommane diskutere korleis dei betre kunne handtere sin eigen situasjon. Dei gav kvarandre hjelp og støtte, og dei skapte eit ope fellesskap der dei kunne gjenkjenne sine eigne utfordringar hjå andre.
- Forumet vart ein stad som hjelpte dei vidare i livet, og dei gjekk frå å leite etter individforklaringar på den situasjonen dei var i, til å heller sjå på den samanhengen dei sjølve var i.
 Sjølvhjelpsforumet vart såleis både ein endringsarena og ein mestringsressurs, fortel Trondsen til forskning.no.

Les hele saken på forskning.no.

Utviklet av Bysant AS